Lærarutdanning for grunnskolen –
litt historie og nokre synspunkt

Av Sigmund Sunnanå

(Denne artikkelen blei først trykt i Utdanning nr. 15 2017)

 

Aktuelle spørsmål på 1950- og 1960-talet

I dei første tiåra etter krigen hadde læraryrket høg status. Lærarane sin store innsats i kampen mot okkupasjonsmakta var høgt verdsett. I forhold til andre yrke i offentleg sektor hadde lærarane god lønn. I tillegg til lærararbeidet gjorde mange lærarar ein verdifull innsats i det sosiale og kulturelle livet i mange kommunar. Tilgangen på godt kvalifiserte søkjarar til lærarutdanning var svært god. Både på 4-årig og 2-årig utdanning var det berre dei best kvalifiserte som kom inn. På dei 2-årige studentlinene  måtte ein ha toppkarakterar frå examen artium, og berre ein av tre søkjarar fekk studieplass. Vi fekk såleis ein høgt kvalifisert lærarstand som var med og la grunnlaget for samfunnsutviklinga på slutten av 1900-talet, til dømes når det galdt den teknologiske utviklinga innanfor olje, havbruk og IT, og innan kulturområdet, vitskap og generell velstandsutvikling.

Ved innføringa av obligatorisk 9-årig grunnskole på 1960-talet var det dragkamp om kva for lærarar som skulle undervisa på ungdomssteget. På den eine sida stod universiteta, universiteta sine studentpolitikarar, Norsk lektorlag med støtte frå mange høgrepolitikarar. Dei meinte at lærarane i sentrale skolefag på ungdomssteget måtte ha universitetsutdanning med praktisk pedagogisk utdanning. Det var dette lærarane i realskolen hadde hatt. Lærarskolane skulle utdanna lærarar for barnesteget.

Lærarskolane, Landslaget for norske lærarstudentar, Norsk lærarhøgskolelag, Norsk lærarlag og fleire politiske parti, mellom anna Arbeidarpartiet, gjekk imot ei slik to- deling av lærarutdanninga. Dei meinte at lærarar til den nye skolen måtte ha ei mest mogeleg samordna og samanhengande utdanning som gav ein brei fagleg og praktisk bakgrunn. Lærarar med lærarskole og tilleggsutdanning var derfor godt skikka til å undervisa på ungdomssteget. Det var tenleg med lærarar med brei fagkrins også her. Lærarar med slik bakgrunn høvde dessutan best i det desentraliserte skolesystemet vi hadde med mange små skolar.

I samband med behandlinga av St. meld. nr. 69 (1964/65) gjekk Stortinget inn for at lærarutdanning for den niårige grunnskolen kunne gå føre seg både ved universiteta og ved andre institusjonar, men lærarskolane skulle vera hovudutdanningsvegen for lærarar til den obligatoriske skolen.

Ved lærarutdanningslova frå 1973 blei det fastsett at begge lærargruppene kunne undervisa på ungdomssteget. Det var opp til den enkelte kommune å søkja etter lærarar som hadde dei fagkominasjonane som det var behov for. For å styrkja lærarane sine faglege og pedagogiske kvalifikasjonar blei det oppretta ei rekkje vidareutdanningstilbod både ved lærarutdanningsinstitusjonane og ved desentraliserte tiltak i kommunane.

 

Nye planar for lærarutdanninga

Lærarutdanningslova frå 1973 fastsette at all lærarutdanning skulle ha eit omfang på minst tre år og byggja på fullført tre års vidaregåande opplæring eller tilsvarande grunnlag. Den gamle 4-årige utdanninga fall dermed bort. Ein førebels plan for treårig allmennlærarutdanning kom i 1976, og ein permanent plan i 1980. For å styrkja det faglege nivået kom det på 1980-talet krav om at lærarutdanninga for grunnskolen burde bli fire år. Syse regjeringa med Einar Stensnæs som statsråd la våren 1990 fram ei stortingsmelding om fireårig lærarutdanning. Då Harlem Brundtland med Gudmund Hernes som statsråd same året overtok regjeringsmakta, blei stortingsmeldinga trekt attende. I staden gjorde regjeringa framlegg om at lærarutdanninga for grunnskolen framleis skulle vera tre år, men at ein skulle ha eit systematisk opplegg for vidareutdanning etter nokre praksisår. I Stortinget fekk dette framlegget støtte av Høgre og Framstegspartiet, men ikkje av Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet. Stortinget vedtok at utdanninga skulle bli fireårig frå 1992, og det blei laga planar for ei slik utdanning.

Det var ulike meiningar om innhaldet i den fireårige utdanninga, og korleis ho burde byggjast opp og organiserast. Planen frå 1992 blei justert i 1994, og det kom nye planar i 1998, 2003 og 2010. Etter mi meining var planen frå 2003, som blei utarbeidd av Bondevik II regjeringa med Kristin Clemet som statsråd, den beste. Denne planen fekk likevel ikkje lang levetid. Regjeringa Stoltenberg med Bård Vegar Solhjell og Tora Aasland som statsrådar kom alt i 2010 med nye planar for grunnskolelærarutdanninga. Nå fekk vi eigne planar for lærarutdanning for første til sjuande klasse i grunnskolen (1 - 7), og for femte til tiande klasse (5 – 10).

Desse planane representerte eit grunnleggjande brot med norsk lærarutdanningstradisjon. Heilt sidan stiftseminara kom i 1827 hadde vi ved lærarskolane hatt ei utdanning som kvalifiserte for tilsetting i heile folkeskolen/grunnskolen. Frå 1976 hadde likevel studentane hatt høve til undervegs i studiet å innretta utdanninga si slik at ho kunne høva best til undervisning anten på barnesteget eller ungdomssteget. Ved at dette valet kunne gjerast undervegs, hadde studentane eit visst grunnlag både frå teori og praksis når dei skulle velja om dei ønskte å undervisa på barnesteget eller ungdomssteget.

Planane til regjeringa Stoltenberg føreset såleis at ein alt ved søknad om opptak må ta standpunkt til om ein vil bli lærar på barnesteget eller ungdomssteget. For mange søkjarar som ikkje veit så mykje om kva undervisning på barne- eller ungdomssteget inneber, kan dette vera eit vanskeleg val. Rekrutteringa til lærarutdanning for ungdomssteget (5 – 10) har vore betre enn for barnesteget (1 – 7) som har hatt heller svak rekruttering. Særleg på barnesteget trengst det gode lærarar fordi det er her grunnlaget for elevane si vidare utvikling blir lagt. Svak rekruttering til 1 – 7 gjer det også vanskeleg å få til satsinga på Tidleg innsats som alle parti i ulike samanhengar applauderer.

Det er eit paradoks at den ordninga regjeringa Stoltenberg fekk i stand, var Arbeidarpartiet sterkt imot på 1960- og -70-talet. Då var det mange innan Høgre som ville ha eiga lærarutdanning for barnesteget og ungdomssteget. I åra framover var dette eit sentralt diskusjonstema, også på landsmøte, men altså ikkje gjennomført når Høgre hadde makta.

 

Lærarbehov og utdanningskapasitet

Den store mangelen på lærarar dei første tiåra etter krigen skuldast at det på 1930-og 1940-talet hadde blitt utdanna svært få lærarar. Med den felles folkeskolelova for by og land som kom i 1959, blei undervisningstimetalet i mange fag auka, og vi fekk nye fag, til dømes engelsk og heimkunnskap som obligatoriske fag. I samband med innføringa av obligatorisk niårig grunnskole auka dessutan behovet for lærarar kraftig. På 1950- og 1960-talet blei det derfor stor mangel på lærarar i heile landet – særleg i utkantstrok.

På byrjinga av 1980-talet blei lærarsituasjonen betre, og det kom prognosar og oppslag i media om at det ville bli «overproduksjon» av lærarar. Regjeringa Willoch med Lars Roar Langslet som statsråd gjekk derfor inn for å redusera kapasiteten ved lærarhøgskolane. Dette skulle ein nok ikkje ha gjort fordi mangelen på lærarar heldt fram og auka på slutten av 1980- og på 1990-talet. Utdanningskapasiteten blei igjen auka, men samtidig hadde tilgangen på søkjarar til lærarutdanning gått kraftig ned. Usikre prognosar om behovet for lærarar og mykje uro om lønns- og arbeidsvilkår for lærarane var nok ei medverkande årsak til dette.

Det årlege opptaket av studentar til allmenn- eller grunnskolelærarutdanning har i heile etterkrigstida vore på ca. 2000 pr. år. Somme år nokre fleire og andre år nokre færre. I dei siste åra har fleire lærarutdanningsinstitusjonar hatt vanskar med å fylla studieplassane. Samtidig seier prognosane at behovet for lærarar vil auka i åra framover. Dette har mellom anna samanheng med at mange lærarar går av med pensjon, auka timetal i enkelte fag og tiltak for at det skal bli færre elvar pr. lærar.

Tal frå Grunnskolens informasjonssystem viser at bruken av formelt ukvalifiserte lærarar auka med 13 % i 2016. I 2016 blei 4,4 % av all undervisning i grunnskolen utført av lærarar utan godkjent lærarutdanning (jf. Utdanning nr. 2 , 2017). Det har vore medieoppslag om at i Nord Noreg manglar ein ca. 4000 lærarar med godkjent utdanning. Mangel på kvalifiserte lærarar er ein situasjon som i høg grad kan påverka kvaliteten i skolen i åra framover. Utviding av lærarutdanninga frå fire til fem år vil også føra til redusert utdanningskapasitet. Kanskje burde ein ha venta med å innføra femårig masterutdanning til ein så nokolunde hadde dekka behovet for lærarar med kvalifisert utdanning i heile landet?

 

Rekruttering og opptakskrav

Då utdanningskapasiteten på 1990-talet auka samtidig som talet på søkjarar gjekk ned, fekk så og seia alle som hadde bestått allmennfagleg studieretning på vidaregåande skole plass på lærarstudiet ein eller annan stad i landet. Endå om dei fleste som blei opptekne, var motiverte for studiet og hadde gode faglege føresetnader, var det også nokre som hadde hatt lærarutdanning langt nede på prioriteringslista. Mange av desse var mindre motiverte for studiet, og mange strauk eller slutta undervegs. Dette påverka statusen til lærarstudiet. Mange meinte at krava til søkjarane burde skjerpast. Bondevik II regjeringa med Kristin Clemet som statsråd innførte derfor ei ordning med eit minstekrav til gjennomsnittskarakter frå allmennfagleg studieretning og minst tre i karakter i norsk og matematikk som grunnlag for opptak.

Dette var ei ordning som skjerpa dei faglege føresetnadene, men samtidig kunne ho stengja ute potensielt velkvalifiserte søkjarar som kunne blitt gode lærarar. Så vidt eg veit, er det ikkje forsking som dokumenterer at det er samanheng mellom karakterar frå vidaregåande opplæring og lærardugleik. Det å vera ein god lærar krev som kjent også mange andre eigenskapar enn dei reint faglege. Det kan derfor vera eit spørsmål om det er fornuftig å knyta opptaket til karakterar i bestemte fag i vidaregåande opplæring. Andre ordningar bør prøvast ut. Pedagogstudentane har gjort framlegg om at karaktersnittet for alle fag i vidaregåande opplæring skal danne grunnlag for opptaket. Dette er eit konstruktivt forslag. Ei eller anna form for opptaksprøve kan også vera aktuell.

Dei fleste studentar er i stand til å tileigna seg nødvendig fagleg kunnskap gjennom lærarstudiet. Det er eit sjølvsagt krav til alle lærarar at dei må ha gode kunnskapar i fag som dei skal undervisa i. Det må derfor stillast strenge krav til faglege og personlege føresetnader hos lærarstudentar både undervegs og ved slutten av studiet før dei får lærarvitnemål.

Frå og med opptaket 2016 er karakterkravet i matematikk heva til fire. Dette er etter mange si meining ei svært uheldig ordning som stengjer ute godt kvalifiserte søkjarar som gjerne har gode karakterar i alle andre fag. Ikkje alle som tek lærarutdanning, skal undervisa i faget matematikk. Det er vanskeleg å forstå at nettopp matematikk skal vera det avgjerande kriteriet for opptak til lærarutdanning. Det er lenge sidan formaldanningsteorien var aktuell i pedagogikken! Ordninga har mellom anna ført med seg at mange studieplassar har stått tomme ved lærarutdanningsinstitusjonar i studieåret 2016/2017. For dette studieåret kan situasjonen bli endå verre. I Dagbladet 23. august står det at ved studiestart er det ledige studieplassar ved grunnskolelærarutdanningane i både Halden, Volda, Bergen, Stord, Sogndal, Bodø, Levanger, Nesna og Alta. Når ein manglar lærarar og har motiverte søkjarar med gode karakterar utan i matematikk, synest det å vera lite klok politikk å ikkje nytta alle studieplassar fullt ut.

 

Utdanningskrav for lærarar i grunnskolen

Lærarutdanningslova frå 1973 opererer med lærarkategoriar på tre nivå – lærar, adjunkt og lektor. Kommunane hadde til oppgåve å lyse ut stillingar og tilsetja lærarar som hadde utdanningsnivå og fagkombinasjonar som det var bruk for ved skolane. I systemet var det ein stimulans for lærarar med grunnutdanning til å ta vidareutdanning til adjunkt- og lektor og såleis få betre kompetanse og høgare lønn.

I 2015 vedtok Stortinget med røystene frå Høgre, Frp, Venstre og Arbeidarpartiet nye reglar for kven som skal kunne undervisa i matematikk, engelsk, norsk, samisk og teiknspråk i grunnskolen. På barnesteget må ein lærar ha fullført eit studium i faget på minst 30 poeng og på ungdomssteget 60 poeng. Kommunane fekk ti år til å syta for at lærarar som skal undervisa i desse faga, har slik utdanning. Etter mi meining var dette eit uheldig vedtak. Det legg opp til ei altfor sterk styring av skolens kvardag. Det kan mellom anna gjera det vanskeleg å nytta dei samla faglege og pedagogiske kvalifikasjonane til lærarstaben på ein skole på den mest føremålstenelege måten. Mange lærarar kan til dømes ha tileigna seg god realkompetanse i desse faga gjennom undervisningserfaring og sjølvstudium. Vedtaket kan bli særleg vanskeleg å praktisera ved mindre skolar. Konsekvensen kan derfor bli blir meir sentralisering.

Departementet i samarbeid med kommunane har sett i gang eit omfattande utdanningsprogram for å gi lærarar tilbod om vidareutdanning slik at dei kan skaffa seg nødvendig formell utdanning. Dei økonomiske og arbeidsmessige vilkåra for lærarar som tek slik utdanning, er svært gode. For lærarane er dette eit populært tiltak som fører til ei fagleg og pedagogisk nivåheving i skolen. Statsråd Torbjørn Røe Isaksen skal ha ros for at han fekk dette til.

 

Femårig masterutdanning

Lærarutdanningslova frå 1973 la opp til at den treårige lærarutdanninga kunne byggjast på til adjunkt- og lektorutdanning. Mange godt fagleg kvalifiserte og motiverte lærarar har i åra framover teke hovudfag og seinare mastergrad som frivillig ordning. Frå 2017 er femårig mastegradutdanning obligatorisk for alle studentar som tek grunnskolelærarutdanning. Dette er ei ambisiøs reform som vil innebera store faglege utfordringar og ha mange ressursmessige og praktiske konsekvensar. Med eit årleg opptak på ca. 2000 studentar i åra framover kan det til dømes vera spørsmål om studentar har motivasjon og faglege kvalifikasjonar for å kunne ta utdanning på dette nivået. Det er også eit spørsmål om lærarutdanningsinstitusjonane har kapasitet og faglege ressursar til å gi den nødvendige undervisning og retteleiing til så mange studentar på masternivå. Vi må rekna med at ei femårig masterutdanning vil påverka rekruttering og utdanningskapasitet. Den største utfordringa i åra framover vil bli rekruttering til læraryrket og å skaffa kvalifiserte lærarar – særleg til barnesteget. Det er derfor med spenning ein ser fram til korleis utviklinga i åra framover vil bli.

 

Litteratur:

Per Østerud Sigmund Sunnanå Åsulv Frøysnes: Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying. ABM-media a/s. 2015.