Då skulen var i bruk, kunne ein elevpult sjå slik ut.

Sør-Fogn skule

Sør-Fogn skule er restaurert og på plass på Ullandhaug. I dag har skulen ei anna plassering på universitetsområdet.

Sør-Fogn skule, Finnøy kommune, blei bygd på midten av 1870-talet og var i bruk til sommaren 1963. Skulelova frå 1860 kravde faste skular i staden for omgangsskular.

På slutten av 1800-talet blei det på bygdene i Rogaland bygd mange skulehus som likna på Sør-Fogn skule. I huset er det gang, skulestove med plass til ca. 20 elevar, rom for læraren og loft.

 

 Helikopteret set huset på plass på det oppførte fundamentet.

I 1985 blei huset flytta med helikopter til Stavanger lærarhøgskule. Personalet ved høgskulen stod for mykje av det praktiske arbeidet med flyttinga. Huset skulle gi lærarstudentar, skuleelvar og andre høve til å få sjå og oppleva korleis skuletilhøva var før jamført med tida no. Skulestova blei utstyrt med inventar som hadde vore i bruk i skulen, til dømes veggtavle, kateter, gamle pultar, globus, kart over Jødeland, plansjar om mål og vekt og med bibelske motiv.

 

Då skulehuset var ferdig restaurert, blei elevane på Sør-Fogn inviterte til kaker og brus. Johan Hovda, som hadde vore lærar på skulen, fortalde om korleis det var å vera lærar på hans tid. På biletet står medlem av flyttekomiteen, Jon Økland, bak kateteret, og skuledirektør Lars Beite står framfor tavla.

I dei første åra blei huset brukt til undervisning og arbeid i mindre studentgrupper, ekskursjonsmål for skuleklassar m.m. Seinare er det gamle inventaret sett bort og huset blir nå nytta av Senter for entrepenørskap.  I Skolehistorisk årbok for Rogaland 2011 er det ein artikkel med meir utfyllande opplysningar om skulen.

Sigmund Sunnanå  

*  *  *

Her lettar skulehuset frå bakken og startar turen til Stavanger. Medlem av flyttekomiteen, Bjarne Gloppen, har skildra flyttinga på denne måten:

Kulturløft i rom og tid

Av Bjarne Gloppen

 

Kva laut han tru, salige Skoleholderen af Søndre Fogn Kreds i Finnøe Sogn,

om han såg skulestova, der han røkta kallet sitt så vel, og lærarkammerset

ta av frå tufta – duva der eit lite bel i lause lufta

eit par sneis alen over ekra til han Jone Eide,

for så å stige i det blå og snart for synet lite til å sjå,

som omgangsskulelærarskrinet, det han kom i hug frå tidleg barndom.

 

Og fuglen då, som stod for heile styret?

Knapt fann du lignament med Dyret i Aabenbaringsbogen.

Nei, ikkje om du bladde opp Eliæ Himmelfart!

 

Det var ’kje til å tru.

 

Men hende gjorde dette, in ultimo Septembris Anno Domino 1985.

Det fór ut Boknafjorden og kvarv om litt i leia mot Stavanger.

 

Sjå, heile tømra landar tett innved Skarstad-toppen!

Ein stad imellom Ullandhaug og Hafrsfjord, der folk har stelt med jord frå arilds tider,

på jord som nå blir planta til med skulehus i megaklassen,

med boretårn av stål som sender røter tusenvis av meter ned i grunnen.

 

Her, som nostalgisk nedfallsfrukt, vil somme sikkert seie,

vart dette ruklet av eit gamalt skulehus nedkverla

i pinsestorm frå to-rotorsgiganten med spirit of tomorrow i sitt brus.

 

Just her, som kontrapunkt til A- og U-fløy står skulehuset nå

og fyller ut plass i rom. Og tid.

 

Ja, slik skal Sør-Fogn skule stå, i rette stand,

og seie sitt til dei som satsar mot det neste sekel,

så dei som set bestikk for nye kystar skal ha eit siktemerke akter,

eit méd ved vika der dei eingong segla ut.