Styre og 
årbokredaksjon

Styre

Sigmund Sunnanå (leiar)

Ellinor G. Bryne

  Marta Gudmestad

  Ketil Knutsen

  Tor Ytre-Arne

Varamedlem 
  Sissel Østrem

Revisor

Kåre Tysland

 

Redaksjonskomiteen

Sigmund Sunnanå (redaktør)
Ellinor G. Bryne

Marta Gudmestad

Ketil Knutsen

Tor Ytre-Arne

Sissel Østrem

Skolemuseumslaget i Rogaland

v/ Marta Gudmestad, Lyngvollveien 7,

4017 Stavanger.

Tlf. 51588405/91350806.

E-post: m-gudmes@online.no.

 

                                                                                                         Stavanger, november 2018.

 

 

Til medlemmene i skolemuseumslaget

 

Heimesida til Skolemuseumslaget i Rogaland.

I eit brev til medlemmene datert oktober 2017, orienterte vi medlemmene om at vi ikkje kom til å gi ut årbok for 2017. I staden skulle vi oppretta ei heimeside der vi la inn tidlegare årbøker, nye skolehistoriske artiklar m.m. Årsmøtet for 2018 vedtok at denne ordninga skulle vidareførast også for dette året. Den første adressa for denne heimesida var: www.skolemuseumslaget.no. Frå oktober 2017 til oktober 2018 hadde vi ca. 9000 besøk på denne adressa, dei fleste relativt korte.

Styret har nå endra adressa til: www.skolehistorie.no. Styret meiner at denne adressa seier noko meir om innhaldet i heimesida enn den gamle. Vi vil halda fram med å få inn nye skolehistoriske artiklar som vil bli lagt ut etter kvart. Artiklane i årbøkene og på heimesida kan vera aktuelle for folk som er interesserte i skolehistorie, kanskje særleg for lærarar og lærarstudentar som kan nytta artiklar i samband med arbeid eller studium. I lærarstudiet kan artiklar til dømes gi inspirasjon til arbeid med bachelor- og mastegradoppgåver med skolehistorisk innhald.

Det vil vera kjekt om medlemmer i laget sender inn artiklar/innlegg, til dømes minne frå eiga skoletid, som dei anten har skrive sjølve eller som dei har fått av andre.

Artiklar/innlegg kan sendast til Sigmund Sunnanå på e-post adresse:

sigmund.sunnana@gmail.com

 

Vi vil også setja pris på om medlemmene hjelper til med å spreia kjennskapen til heimesida, til dømes ved å leggja ut lenker til venner og kjente. Dersom nokon av medlemmene ikkje har internett, men ønskjer å få tilsendt på papir oversikt over artiklar/innlegg som blir lagt ut på heimesida og eventuelt kopi av artiklar/innlegg, kan dei melda frå til Sigmund Sunnanå om dette. Hugs namn og adresse.

 

Spørsmål eller kommentarar som gjeld heimesida, kan sendast til:

Sigmund Sunnanå, Øvre Stokkavei 44, 4023 Stavanger. Tlf. 97191891

E-post: sigmund.sunnana@gmail.com eller til:

Marta Gudmestad Lyngvollveien 7, 4017 Stavanger.Tlf.51588405/91350806

E-post: m-gudmes@online.no

 

 

Medlemskontingenten.

Å skriva artiklar og redigera årboka har i alle år vore basert på ulønna innsats. Det er imponerande kor mange som kvart år har vore villige til å skriva artiklar utan betaling. Kontingenten frå medlemmene og litt inntekt ved sal av årbøker er blitt nytta til trykking av årboka, porto m.m. Medlemskontingenten vil nå bli nytta til å dekkja kostnader med teknisk/administrativ drift av heimesida, porto m.m. Årsmøtet 2018 vedtok at årskontingenten skulle vera kr. 200,-.

I 2017 var det 107 medlemmer som betalte kontingent. I fjor ba vi om at medlemmene sende sine e-postadresser til: m-gudmes@online.no. Å ha desse adressene vil spara utgifter til porto m.m. Vi vil derfor setja stor pris på at flest mogeleg av medlemmene i laget sender inn sine e-postadresser. Dei vi ikkje har e-postadresser til, får brev i posten.

 

Medlemskontingenten for 2018, kr 200,-, kan betalast til kontonr.3201 1354792,

Skolemuseumslaget i Rogaland , Lyngvollvn.7 , 4017 Stavanger.

 

Betaling, helst før 10.des.2018.

Hugs namnet på kven som betalar.

 

Helsing

Sigmund Sunnanå                                                                                      Marta Gudmestad

 

 

ÅRSMØTE

for Skolemuseumslaget i Rogaland

 

Årsmelding/rekneskap for 2017

 

Referat fra årsmøtet

Skolemuseumslaget for Rogaland

v/Marta Gudmestad, Lyngvollveien 7, 4017 Stavanger.

Tlf. 51 58 84 05 / 913 50 806

E-postadresse: m-gudmes@online.no.

Kontonr.: 3201.13.54792

 

Kontaktperson

Sigmund Sunnanå

Øvre Stokkavei 44, 4023 Stavanger

Tlf. 51 56 03 20 / 971 91 891

E-postadresse: sigmund.sunnana@getmail.no